Fotocredit: Oddleiv Apneseth

Program for perioden 2023 - 2027

No er endeleg programmet for 2023 klart. Du kan lese det her:

Sunnfjord MDG sitt program for 2023 – 2027

 

På bildet ser du frå venstre: Marius L. Dalin, kommunestyrerepresentant, Ane Brekke Gjerland, 1.vara, Liv Løken, 2.vara.

For alle, for alltid

Valprogram 

2023 – 2027

Miljøpartiet Dei Grøne Sunnfjord vil skape eit samfunn tufta på livskvalitet, nyskaping og fellesskap. Målet vårt er eit medmenneskeleg samfunn i økologisk balanse, i solidaritet med alle menneske, dyr, natur og framtidige generasjonar. 

Økonomien skal følgje sunne, økologiske prinsipp og fremje fred og rettferd både lokalt og globalt. Lokalsamfunn basert mest mogeleg på lokale ressursar er ein føresetnad for å kunne klare overgangen til fornybarsamfunnet. Difor vil vi i Dei Grøne jobbe for ein betre delings- og sirkulær økonomi, der gjenbruk og deling mellom menneske aukar.

MDG vil vere pådrivar for at Sunnfjord kommune skal følgje FN sine berekraftsmål i utviklinga av kommunen. Dette er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom og stoppe klimaendringane. Måla ser utviklinga i samfunnet i samanheng og handlar om å finne ein god balanse mellom menneske, miljø og økonomi. Miljøutfordringane kan ikkje løysast utan tilstrekkeleg omsyn til økonomiske og sosiale tilhøve, og krev evne og vilje til samarbeid, både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Vi vil vere med å skape eit Noreg som kjempar mot klimaendringar, som bidreg til at færre vert drivne på flukt og som sikrar gode liv også for dei som kjem etter oss.  

 

Ta vare på naturen, livsgrunnlaget vårt

Alt liv har sitt eigenverd og vi menneske er heilt avhengige av økosystema. Vi må ta vare på den biten av jorda vi bur på, her i Sunnfjord. Vi ønskjer eit levande, grønt samfunn med eit forbruk i balanse med det jorda kan tåle. 

Vi set livskvalitet framfor auka forbruk. Du skal kunne leve eit godt liv på ein langt meir miljøvenleg måte. Det kjem alt levande til gode, dyr og menneske, nært og fjernt, no og i framtida.

 

Eit godt kollektivtilbod i heile kommunen og på Nordvestlandet
Vi vil knyte alle tettstadene saman med mykje hyppigare avgangar og heile Nordvestlandet saman med ekspressbussar med timesruter.  

Energismart kommune. Den reinaste energien er den som aldri blir brukt! Energisparing, fjernvarme og solenergi har eit stort potensiale også i Sunnfjord. 

Vi vil gjere det lett å velje grønt. Meir økologisk, plantebasert og kortreist mat i kommunale kantiner og institusjonar. Vi vil ha fleire og betre sykkelvegar og arbeide for bildeling.

Vi vil ha grønt næringsliv, levande sentrum og levande bygder. Vi ynskjer å leggje til rette for meir levande småskalalandbruk og styrke lokalt næringsliv si omstillingsevne til det grøne skiftet ved å stille miljøkrav i kommunale byggeprosessar 

Kommunen vår skal vere kjent for å gi innbyggarane god livskvalitet frå barndom til alderdom, med fokus på kultur og førebyggande folkehelsearbeid.

Vi seier ja til naturmangfald. Alle artar har krav på leveområde. Vi godtek ikkje tap av artsmangfald i sjø, i vassdrag eller på land. Vi må gjenskape meir natur enn vi øydelegg. Vi vil ikkje bygge ut vindkraft i Sunnfjordfjella. Ein rein fjord gir fisk i tusenvis av år. Vi vil ikkje godta gruvedrift som dumpar avfallet i fjorden.

 

KLIMA OG MILJØ

Dyrevern, naturvern og arealbruk

Vi vil auke artsmangfald og vill natur. Vi vil:

  • Legge til rette for gode levestadar for insekt, til dømes med blomsterenger på offentlege stadar for å få tilbake eit større artsmangfald både i landbruksområde og i tettstadar.
  • Arbeide for å sikre leveområda for ville dyr og fuglar
  • Vi vil forsvare strandsona mot nedbygging og privatisering, så den kjem ålmenta til gode
  • Ta vare på våtmarker, kantvegetasjon langs vassdrag og gruntvassområde
  • Unngå unødvendig eingangsplast, fase ut gummigranulat på kunstgrasbaner og rydde opp i alle typar plastforsøpling
  • Redusere lysforureining. Arbeide for ein kommunal plan for bruk av lys i det offentlege rom
  • Bli ein arealpositiv kommune, det vil seie at vi gjenskaper meir natur enn vi øydelegg
  • Respekt for vern av natur 
  • Gå imot etablering av 
    • naturøydeleggjande vindparkar i fjella våre, til dømes Snøheia
    • gruvedrift med fjorddeponi, som ved Engebø
    • gondol i Kjøsnesfjorden, kloss inntil Jostedalsbreen nasjonalpark

 

Klima

Vi er Sunnfjords vaktbikkjer for klima! Vi har arbeidd for og fått gjennomslag for å få ein oppdatert klimaomstillingsplan, klimarekneskap og klimabudsjett. Vi vil:

  • At Sunnfjord kommune styrer mot klimapositivitet, med konkrete mål og fristar.
  • Utsleppa frå kommunen si verksemd skal reduserast med 80% innan 2030 ved å:
  • Krevje klimanøytrale byggeplassar ved nybygg og renovering som Sunnfjord kommune står for.
  • Stille strenge energi- og miljøkrav ved kommunale innkjøp.
  • Ta i bruk alle eigna tak på kommunale bygg til solenergi eller grøne tak
  • Stille krav til kommunen om halvering av matsvinn i eiga verksemd
  • Stimulere til bruk av biokol, til dømes i kommunale grøntanlegg og landbruk
  • Bevare verdifull gamalskog
  • Gjennomføre ENØK- tiltak i heile kommunen der det ikkje er gjort
    Halvere kjøtforbruket i kommunale kantinar
  • Utgreie fjordvarme/fjernvarmeanlegg i dei andre tettstadane i kommunen
  • Dei største utsleppa skjer utanfor det kommunen kan styre. Vi vil ha ein kommune som aktivt påverkar næringsliv og privatpersonar til å ta gode miljøval. 

 

Gjenbruk, reparasjon og sirkulær økonomi

Det viktigaste er å ikkje lage avfall: Kjøpe lite, kjøpe kvalitet, reparere  og kjøpe brukt. 

Vi vil:

  • Stimulere til reparasjon, gjenbruk og redusert forbruk. Avfall er ressursar på avvegar
  • Skape grunnlag for bemanna reparasjonsverkstad(er) kombinert med gjenbruk / byttebu 
  • Stimulere til heimekompostering med informasjon og kurs
  • Nytte det organiske avfallet til kompost, biokull eller biogass. Få velje eigen dunk til glass/metall og fleire plassar å levere glass/metall.  Skape næring av fleire produkt av vårt eige avfall
  • Vi vil nytte alle næringsstoff og ressursar i kloakken og ha reint vatn i fjorden

 

Samferdsel 

Trafikktryggleik og mobilitet. Den grøne samferdslepolitikken handlar om å legge til rette for mobilitet gjennom gode, heilskaplege løysingar som gjer at du kan kome deg fram, enten du veljer å køyre bil, gå og sykle eller reise kollektivt. 

Folk som treng det må ha moglegheit til å køyre og parkere. Skal vi få fleire til å la bilen bli heime når dei skal til Førde sentrum må dei få betre alternativ enn dei har idag.

Vi vil:

  • Ein storstilt satsing på kollektivtrafikk, med minst 4-6 avgangar i timen i rushtida for bybussen, og hyppigare avgangar på kveldstid
  • Bybussen må utvidast til Naustdal og Vassenden
  • Alle tettstadane må få oppgradert kollektivtilbodet så ein kan nytte det til jobb og fritidsaktivitetar
  • Kollektiv på bestilling i grendene
  • Prioritere trivsel og folkeliv med fleire gode, grøne uterom i sentrumsområda
  • Vi vil ha gang- og sykkelbruer – mellom anna vil vi ha sykkelbru i staden for bilbru over til Førdehuset og ei gang- og sykkelbru over Jølstra søraust for sjukehuset. 
  • Vere pådrivar for å bygge sykkelvegar i heile kommunen
  • Arbeide for bysykkelordning i Førde, spesielt knytta opp mot viktige busshaldeplassar.
  • Gode tilhøve for sykkelparkering under tak
  • Ha støtteordning for el-transportsykkel
  • Legge til rette for auka bruk av samkøyring, til dømes gjennom å stø digitale løysingar.
  • Legge til rette for bildeling
  • Arbeide for at parkeringsordninga i Førde også inkluderer Brulandsvellene. 
  • Ekspressbuss kvar time nord-sør og aust-vest 
  • Månadskort for 499,- 
  • Arbeide for å auke trafikktryggleiken med rassikring, gang- og sykkelvegar rundt tettstadene og betre vegskuldrar langs småvegane
  • Fortau, gang- og sykkelvegar skal ha same prioritet for vedlikehald og brøyting som vegane

 

MENNESKE OG SAMFUNN

Skule og barnehage

  • Trygg skuleveg for alle.
  • Bilfrie “hjartesoner” rundt skular og barnehagar.
  • Nærleik til skule og barnehage, spesielt for dei minste barna
  • Etablere skulehagar
  • Lærarane skal få høve til å utøve yrket sitt utan tidstjuvar og unødvendige pålegg
  • Kartlegging skal vere eit verktøy for læraren, ikkje eit mål for kommunen
  • La skuleborna få vere med på og lære om ENØK, energistyring og energiproduksjon frå solcelleanlegg på skuletaket
  • Prioritere tidleg innsats i barnehage og skule for barn som treng ekstra støtte
  • Dei yngste skulebarna treng meir læring gjennom leik

 

Folkehelse

Vi ynskjer at vi i Sunnfjord skal ete meir plantebasert kost og røre oss meire. Det er

betre både for helse og miljø.

  • Førebyggande helsearbeid må prioriterast
  • Tilrettelegge for at ein går og syklar når avstandane er korte
  • Prioritere friluftslivet, ta vare på viktige friluftsområde, merke turstiar, lage turvegar og naturmøteplassar for alle
  • Tilby vegetariske alternativ kvar dag i kommunale 
kantiner og institusjonar og gi eit godt tilbod av frukt og grønt. Prioritere lokal og økologisk mat
  • Arbeide aktivt for rusfrie arrangement og møtestadar
  • Ha kompetanse og rutinar i helsevesen, barnehagar og skular for å oppdage og førebygge vald, mobbing og overgrep mot barn
  • Ta initiativ til å få tilbake eit fysisk og sosialt aktivitetstilbod på dagtid i samarbeid med Helse Førde, for menneske med rus- og psykiske lidingar

 

Eldreomsorg

Eldre og uføre må få dekka sine behov for samvær og trygg omsorg når helsa sviktar. Dei grøne vil sikre eit sterkt offentleg helse- og omsorgstilbod i alle delar av kommunen. Ideelle og private aktørar kan på nokre område gi større mangfald og vere eit positivt supplement, men vi ønskjer ikkje ei utvikling der betydelege offentlege velferdsmidlar går til å finansiere privat profitt. 

Velferdsteknologi kan bidra til at eldre kan klare seg sjølve og bu heime lenger. Mange eldre og uføre er einsame, og einsemda kan bli forsterka av mål om effektivitet dersom tilsette blir erstatta med velferdsteknologi. Dei grøne vil ta i bruk velferdsteknologi tilpassa det enkelte menneske, samstundes som ein må ta vare på behovet for menneskeleg kontakt. 

Vi vil:

  • Styrke heimetenesta
  • Syte for nok institusjonsplassar og omsorgsbustadar 
  • Ha forsvarlege arbeidstider for helsepersonell og arbeide for å ha lågt sjukefråvær i omsorgstenesta
  • Jobbe for alternative buformer for alle, på tvers av generasjonar og behov, og samarbeide med andre samfunnsaktørar

 

Kultur og idrett

Å kunne delta aktivt i idretts- og kulturaktivitetar gir livsglede og helse i alle livsfaser. 

Vi vil:

  • Satse på breiddeidretten
  • Styrke kulturskulen

  • Ha fokus på estetikk og god utsmykning i det offentlege rom.
  • Prioritere og støtte gode kulturprosjekt i kommunen
  • Ta vare på og synleggjere kulturminne
  • Prioritere vedlikehald av kyrkjebygg og gravplassar

 

Demokrati, integrering og mangfald

MDG verdset mangfald med plass til ulike menneske og respekt for individet. 

Vi vil ha:

  • God kommunikasjon mellom kommunen og innbyggarane
  • Kommunen skal ha opne og inkluderande prosessar
  • Det skal vere lett for innbyggjarane å ha innverknad på si eiga sak
  • Ta imot fleire flyktningar, inkludere dei og syte for at dei blir kjent med vår kultur og våre forventningar
  • At ungdomsrådet skal bli høyrd, og få meiningsfull medverknad

 

 

ØKONOMI OG NÆRING

Økonomi og næringsliv i bygd og by

MDG ønskjer eit mangfaldig grønt næringsliv med lokalt eigarskap. For å redusere råvareforbruk, avfall, utslepp og energiforbruk til eit minimum, må vi tenkje sirkulær økonomi i alt vi gjer.

Vi vil:

  • Ha eit  kommunalt  innkjøpsreglement som stiller radikale og tydelege miljøkrav
  • Ha kortreiste produkt og tenester i kommunale innkjøp
  • At Førde som handelsby satsar på kvalitet og miljøvenlege varer framfor «bruk og kast».
  • Arbeide for at organisk avfall blir nytta lokalt i nye produkt som kompost og biokol
  • Stille strenge krav om bærekraftig utnytting av alle naturressursar
  • Bruke fjordvarme og fjernvarme der det er mogleg og tenleg
  • Oppdrettsindustrien må legge om i lukka anlegg og ta betre vare på dyrevelferden
  • Satse på lokal foredling av råvarer
  • Satse på økoturisme, opplevingar og ikkje meir cruisebasert turisme i Sunnfjord. 
  • Vi sier nei til gondolbane i Kjøsnesfjorden, kloss i Jostedalsbreen nasjonalpark.

 

Landbruk og jordvern 


Presset på å bygge ned matjorda er aukande. Matjorda er ein verdifull ressurs som må vernast mot nedbygging. Vern av matjord sikrar lokalsamfunna våre, tek vare på kulturlandskapet og opprettheld forsyningsgraden i landet. Kun 3 % av Noreg er dyrkbar mark, berre 1 % er eigna for matkorndyrking. MDG ynskjer meir dyrking av eigna grønsaker, frukt og bær, men og berekraftig husdyrdrift mest mogleg på eigne ressursar som grovfôr. Vi er opptekne av at vilkåra for dei små og mellomstore bruka skal betrast. Jorda kan vere eit godt karbonlager om den blir dreve med det for auge. Bruk av kompost, biorest frå biogassanlegg og biokol kan blant anna auke avlingane, redusere avrenninga og binde meir karbon i jorda. For oss er det overordna at jorda skal kaste mest mogleg av seg på lang sikt. Skal vi få det til må også bonden få ei leveleg inntekt av å drive jorda og ivareta jorda på beste vis.

Vi vil:

  • Ha sterkt vern mot nedbygging av dyrka mark
  • Arbeide for omlegging til meir økologisk landbruk
  • Stø opp om den lokale jordbruksutdanninga på Mo. Arbeide for å få lokal opplæring i økologisk jordbruk
  • At all dyrkbar matjord skal takast i bruk
  • Utgreie bruk av biokol som jordforbetring og karbonlagring
  • Arbeide for kompostering og produksjon av biodrivstoff frå landbruket 
  • Stø opp om produksjon og distribusjon av lokal og kortreist mat
  • Støtte lokale små og mellomstore bruk ved å utgreie og etablere 
    • innkjøpsordningar til offentlege storkjøken
    • distribusjonsordningar direkte til forbrukar
  • Legge til rette for å dyrke mat ved å inkludere parsellhagar eller ”sosial hage” i reguleringsplanar for nye bustadområde
  • Arbeide for kontinuerleg forbetring av dyrevelferden i landbruket
  • Arbeide videre for å aktivisere småbruk som er ute av drift

 

Ein kunnskapsbasert og framtidsretta politikk 

Vi skal vere eit kunnskapsbasert parti. Vår politikk er ikkje utforma ein gong for alle. Vi står sjølvsagt fast på våre grunnleggjande verdiar. Politikk handlar om verdival. Ser vi at ny kunnskap syner at våre løysingsforslag ikkje duger for å nå våre overordna politiske mål skal vi innrømme det og finne betre løysingar.

 

Litt av kva vi har vi fått til

Perioden 2019 – 2023

  • Plan for å aktivisere småbruk som er ute av drift
  • Solenergiproduksjon på kommunale bygg
  • Kantvegetasjon med stadeigne artar i byggjesak
  • Plan om spiselege vekstar i eit grøntanlegg i Førdepakken
  • Vurdere biokol i tiltak 14 i Førdepakken
  • Omfattande satsing på ENØK i kommunale bygg
  • Klimabudsjett og klimarekneskap
  • Samarbeid med fylkeskommunen og større distriktskommunar i Vestland for å få eit mykje betre kollektivtilbod i kommunen. Vi ventar på utgreiing knytt til utviding av bybusstilbodet og har fått einstemmig støtte for å be om timesruter til Bergen langs E39 og gode pendlarruter mellom tettstadane våre, og på kveldstid 

 

Perioden 2015 – 2019 i bystyret i Førde

  • Ei MDG-stemme med fokus på klima og miljø har endra debattane i bystyret.
  • Vi har sjølv sett dagsorden med ei rekkje interpellasjonar (skriftlege spørsmål til ordføraren med høve til å gjere vedtak i saka, m.a. Fjordsaka)
  • Førde kommune har kjøpt inn transportsyklar, etter forslag frå MDG
  • MDG har vore pådrivar for at SUM (Sunnfjord Miljøverk) no arbeider for meir kjeldesortering, utnytting av våtorganisk avfall og sirkulærøkonomi
  • Framskunda utgreiing og gjennomføring av ENØK– tiltak i kommunale bygg
  • Vore pådrivar for arbeidet med interkommunal plan for klimaomstilling
  • Slutt på sal av heliumsballongar på kommunal grunn
  • Styrka planavelinga med arealplanleggjar
  • Rådmannen skal kome med plan for å avgrense trafikk med vass-scooter
  • Fått bystyret med på å erklære klimakrise, prioritere kartlegging av biologisk mangfold, sette klimaomstillingsplanen føre andre planar og skal reviderast kvart år saman med gjennomgangen av klimarekneskapen.