Fotocredit: Henning Hellebust

Fabian Bergqvist, 3.-vara til kommunestyret 2019 – 2023

Eg stiller til val for MDG for at eg elskar mine barn og barnebarn og barnebarns barn.
Eg er 53 år og har 3 barn og så langt ingen barnebarn. Men ein kan vel elske dei likevel?

Fabian er også 2.-vara til utval for helse og omsorg

30. august 2019

Ein stemme på MDG er å bry seg om komande generasjonar.
Av denne enkle grunn har MDG fått min stemme heilt tilbake til 1984 då eg var 1-gongsveljar i Sverige.
For meg handlar det ikkje om global menneskeskapt oppvarming finst eller ikkje. Mitt val er det reint økologiske aspektet.
Ingen art her på denne klode kan tru at ein kan ta meir ut av naturen enn det som naturen klarar å gjenskape.
Det er først og fremst derfor t.d. fossile brensler blir feil. Truleg er dei med på å auka temperaturen på kloden også, men det er ikkje det viktige for å velje MDG.
Vi må spela på lag med naturen.
Økologi for meg er å erkjenne naturen sitt krinsløp. Å tru at vi kan overleve på denne kloden utan å vere ein del av naturen sitt krinsløp går berre for ein kort periode. Nokre hundre år i beste fall og så er det bom stopp.
Du kan prøve å køyre over Strynefjell med drivstoff-lampa lysande. Det går bra ein stund, men du kjem til å stranda oppe på fjellet.
Vi må ta ansvar. Vi kan ikkje levere over ein bil til våre barn eller barnebarns barn oppe på fjellet utan drivstoff til å kome seg over. Det er slemt gjort. Sånn gjer ein berre ikkje.
MDG er den fremste garantisten for at vi lokalt prioriterer grøne løysingar og har høgt tempo på økologisk innovasjon.
Stem den 9 september og ta ansvar og stem grønt.
Godt val !

Fabian Bergqvist, 5.-kandidat MDG Sunnfjord

Overlege ved Barneavdelinga, Helse Førde