Fotocredit: Henning Hellebust

Eliane Wergeland, 1.-vara til kommunestyret 2019 – 2023

Eg stiller til val for MDG fordi eg meiner kommunesamanslåinga er eit retningsval. Ein ny start i ein ny kommune, med eit næringsliv som freistar.

30. august 2019

Å bu i Sunnfjord er som å bu i ein nasjonalpark, sett utanfrå. Blir vi meir miljøbevisste og framoverlente er det sannsynleg at fleire menneskje og bedrifter vil trekkje til kommunen. Slik vert vi fleire som kan forvalte dei store ressursane vi sit på, på ein konstruktiv og fagleg måte. Materiell vekst er likevel ikkje nøkkelen til ein indre følelse av lukke: Det føler eg MDG har tatt innover seg. Det er berre eit spørsmål om tid før det går opp for fleire.

– 29 år & Naustedøl

– Partneransvarleg og Arenaleiar i Oslo Pride

– Frivilligkoordinator i Portugal

– Studerer strategi og forretningsverksemd på masternivå ved NTNU.