Hels på 5.kandidaten

Ingri Martine er på 5.plass på lista til årets val. Ho brenn for ei berekraftig utvikling av kommunen vår, og meina Sunnfjord må gå føre med eit godt eksempel, både for innbyggarane, næringslivet og nabokommunar.

7. august 2023

Navn: Ingri Martine Fonn Macsik

Alder: 37

Yrkesbakgrunn: Økonom

Kvifor stiller du til val for MDG? Fordi eg ynskjer å vere med å gjere Sunnfjord til ein enda meir berekraftig kommune. Vi har eit stort potensiale her i vår region. Vi må hugse å ha med oss berekraft i alt vi gjer.

Kva er dei viktigaste sakene for deg? Å legge meir til rette for kollektivtransport i regionen, og at det skal vere enkelt å ferdast til fots og på sykkel, både til skule og jobb. Ei anna viktig sak er at vi må ta vare på naturmangafaldet i kommunen vår, ikkje bryte ned urørt natur og ikkje bygge ut dyrkbar mark. Kommunen som organisasjon må stille klima- og berekraftskrav til alle sine leverandørar og samarbeidspartnarar. Sunnfjord er ein stor kommune og gå føre med eit godt eksempel.

Hva likar du å gjere utanom jobb? Eg er småbarnsmor, så mykje av tida mi går med til turar og fritidsaktivitetar med ungane. Eg likar å sy, trives godt på teater, og brukar nokre timar i veka på klatresenteret.

Korleis var sommaren din? Sommaren min var fyllt av besøk til vener og familie rundt om i Norge.

Har du eit grønt kvardagstips? Gjenbruk er mitt beste grøne kvardagstips. Treng du noko nytt, sjekk alltid først om det er mogleg å få tak i brukt. Stort sett så er det det.

Det var litt om Ingri Martine som er 5.kandidat på vallista til MDG Sunnfjord ved årets val. Vi vil i løpet at kort tid legge ut saker om fleire av kandidatane våre, så følg med. 

Her finn du heile lista til kommunevalet 2023 Valliste for Sunnfjord MDG – Sunnfjord MDG