Velkomen til vår toppkandidat!

Nominasjonsmøta i Hordaland og Sogn og Fjordane har no valgt sine kandidatar og vi er stolte og glade over å presentere lista for fylket vårt med gode grøne folk.

Marius Dalin, toppkandidat for MDG i Sogn og Fjordane til stortingsvalet 2021

- - Jeg gleder meg til å stå på sammen med dette fantastiske grønne laget for verdens viktigste saker med den aller beste politikken!

1. kandidat i Sogn og Fjordane: Marius Dalin

Marius er fødd i 1966 og har 5 år bak seg som gruppeleiar for MDG i Førde, no Sunnfjord kommune. I 2014 var han med og stifta lokallag i Førde. Etter kommunesamanslåing og nyval sit han i formannskapet i Sunnfjord kommune. Marius vaks opp i Oslo. Han har alltid vore opptatt av samfunnsspørsmål, men ikkje vore politisk aktiv tidlegare. Marius er sentrumsorientert politisk med engasjement for naturvern, global solidaritet, klima og biomangfald. Marius meiner langsiktig politikk handlar om å klare å prioritere miljø framfor kortsiktig politisk gevinst. Han er klar til å stå på for at MDG skal gjere eit brakval i 2021 slik at MDG kan få inn en kandidat fra Sogn og Fjordane på tinget! Han har tidlegare jobbet for natur- og miljøvern gjennom Naturvernforbundet lokalt og har hatt en rekke tillitsverv i frivillige organisasjonar, Yngre Legers Forening og studentorganisasjonar. Marius er utdanna lege ved NTNU i Trondheim og har spesialistutdanning i generell kirurgi og urologi. Han arbeidar som overlege ved kirurgisk avdeling i Førde. Marius er ein kunnskapsrik og analytisk person med god evne til å få politiske gjennomslag. Han har bred naturfagleg kompetanse og han er toppmotivert for tidenes MDG-valkamp i Sogn og Fjordane.

Heile listene i Sogn og Fjordane og Hordaland ser dere her:

Innstilling til stortingsliste for valkretsen Sogn og Fjordane

Innstillingen er i prioritert rekkefølge.

  1. Marius Langballe Dalin (53), Sunnfjord.
  2. Mariel Eikeset Koren (33), Gloppen.
  3. Sigrid Moltumyr (19), Fjaler, ungdomskandidat.
  4. Odd Bovim (39), Kinn.
  5. Geir Arne Solheim (44), Kinn.
  6. Sigrid Z. Heiberg (32), Sogndal.
  7. Gøran Johansen (44), Aurland.
  8. Lin Åm (45), Sogndal.
  9. Ståle Loftesnes (44), Sogndal.
  10. Helga Husevåg (59), Kinn.