Bli kjent med vår 3.kandidat

Fotocredit: Oddleiv Apneseth

Vår 3.kandidat på lista er Ane. Ho er opptatt av levande grender med aktive og regenerative småbruk. Og stiller til val for å dytte Sunnfjord kommune i riktig retning.

8. august 2023

Navn: Ane Brekke Gjerland 

Alder: 34

Born og familie: Ein sambuar, to kattar, og nokre tusen bier

Yrkesbakgrunn: Miljøpsykolog og forskar

Kvifor stiller du til val for MDG? For å gje mitt bidrag til å redde verda, ved å dytte Sunnfjord kommune i riktig retning.

Kva er dei viktigaste sakene for deg? Beskytting av naturen vår, levande grender med aktive og regenerative småbruk, og det gode grøne livet.

Hva likar du å gjere utanom jobb? Altfor mykje! For tida forsøker eg å begrense meg til å dyrke spiselege planter, sjå til biene, gå i fjellet, og bøker/podcastar.

Korleis var sommaren din? Masse arbeid på bruket, og langt færre fjellturar enn eg skulle ønske – men også kjekke besøk av familie og vener som stadig ramler innom, synet av framgang, og dagleg urtete frå hagen.

Har du eit grønt kvardagstips? Bli kjent med dine personlige møtepunkt mellom livskvalitet og bærekraft! Det vil sei: finn ut kva aktivitetar som gjer at du føler deg bra, og som samtidig ikkje skader naturen eller klimaet. Kanskje likar du å telte, kanskje likar du å lage mat frå grunnen av, kanskje blir du glad av å sykle eller ta eit elvebad? Kva med å ligge i ei blomstereng og lese ei bok medan humla suser? Eller kanskje du synest det er meiningsfullt å plante trær, eller invitere dei næraste naboane på kaffi? Kva enn dine «møtepunkt» er; prøv å gjere meir av desse! Jo meir tid du brukar på desse aktivitetane, jo mindre tid bruker du på aktivitetar som skader deg sjølv og naturen. Og jo fleire av oss som gjer dette, jo gladare og grønare vert vi som samfunn. Vinn vinn vinn J

Har du eit godt vegetartips? Ta ein vegetarmånad! Det er ei effektiv kulinarisk utfordring, fordi du tvinger deg sjølv til å tenke nytt – for ei avgrensa tid. I etterkant vil du ha utvida repertoaret ditt, og det vil vere mykje enklare å lage vegetarmat i kvardagen enn kva det var før.

Har du ein «guilty pleasure»? Open-world RPGs. Eg har ikkje lenger egna PC, playstation eller anna til å spele på, for dersom eg først begynner, så forsvinn noke heilt absurd med tid inn i spelinga…

Fem bøker alle bør lese:

  • Doughnut Economics (Kate Raworth)
  • Utopia for realists (Rutger Bregman)
  • Gaia’s garden (Toby Hemenway)
  • Ikigai (Yukari Mitsuhashi)
  • Parable of the Sower (Octavia Butler)

Det var litt om Ane, her kan du bli bedre kjent med fleire av kandidatane våre:

Hels på 5.kandidaten – Sunnfjord MDG

Her er vår 4.kandidat – Sunnfjord MDG

Sei hei til vår 2.kandidat – Sunnfjord MDG

Marius er vår 1.kandidat – Sunnfjord MDG

Her finn du heile lista til kommunevalet 2023 Valliste for Sunnfjord MDG – Sunnfjord MDG