Marius er vår ordførarkandidat

Hels på vår 1.kandidat Marius. Han vil gjere alt han kan for at Sunnfjord bidreg til at verda går i rett retning.

15. august 2023

Vil du lese om dei andre toppkandidatane på lista så finn du nokre av dei her:

Sei hei til vår 2.kandidat – Sunnfjord MDG

Bli kjent med vår 3.kandidat – Sunnfjord MDG

Her er vår 4.kandidat – Sunnfjord MDG

Hels på 5.kandidaten – Sunnfjord MDG

Men først Marius:

Navn: Marius Langballe Dalin

Alder: 56

Born og familie: Eg har tre flotte, vaksne barn og ein flott kjærast.

Yrkesbakgrunn: Overlege ved kirurgisk avdeling

Kvifor stiller du til valg for MDG? Eg vil gjere det eg kan for at vi i Sunnfjord bidreg til at verda går i rett retning. Vi må ta langt meir radikale grep, for å redde menneska frå dramatiske klimaendringar, stoppe tap av naturmangfald og jobbe mot ein meir rettferdig fordeling i verda vår. Eg blir motivert av å sjå at vi klarar å flytte debatten og politikken i meir miljøvenleg retning. Samtidig er eg utolmodig på naturen og kloden sine vegne. Då er eg spesielt glad for at vi har fått med fleire nye, flinke folk på vallista vår som vil vere meir med i politikken framover og som eg har stor tru på. Det inspirerer!

Kva er dei viktigaste sakene for deg? Klima, natur og global utjamning. I praktisk politikk her i Sunnfjord tyder det mellom anna å jobbe for betre kollektivtrafikk, betre utnytting av avfallet vårt i nye produkt, ta i mot fleire flyktningar, jobbe for naturvern og jobbe mot gondol til Tverrfjellet i Kjøsnesfjorden, mot vindindustri i fjella våre og fjorddeponi i Førdefjorden. Vern om matjord og få fleire til å drive småbruka som i dag står tomme er og viktig for meg. Gode oppvekstvilkår for borna våre, med trygge skolevegar og ein aktiv kvardag står og sentralt.

Kva blir du engasjert av? Eg blir engasjert og glad av å sjå alt det vidunderlig vakre livet vi har rundt oss, av planter, dyr og menneske. På den andre sida blir eg engasjert av at vi lever i ein så urettferdig verd, der vi i den rike delen brukar mange gonger det jorda kan tåle og sender rekninga til frå oss i staden for å ta radikale grep for å løyse utfordringane som vi vet ligg framfor oss

Hva likar du å gjere utanom jobb? Eg likar å gå i fjellet, springe orientering og gå turar i skogen. Har litt nerdete interesser for mykje av det som lever i skog og fjell, som tre, fuglar, blomar og sopp. Eg har vore med i Vie Andelslandbruk sidan starten og likar godt å dyrke eigne grønsaker, både i hagen og på Vie. Siste året har eg og hatt stor glede av å vere med i Førde Kammerkor, og spelar fleire instrument på enkelt amatørnivå. Eg set og stor pris på å padle kajakk, når eg av og til finn tid til det.

Har du en “guilty pleasure”? Eg har nok fleire, men det fyrste eg kjem på er at eg har alt for lett for å havne i godstolen og lese nyheiter på iPaden, særleg utanriks- og politiske nyhende. Og så er eg litt for glad i kaker og sjokolade. 

Har du eit godt godt vegetartips? Lasagne og taco er kjempegodt utan kjøt. Du kan kjøt. Du kan kjøpe vegetardeig, eller bruke linser, bøner, erter, Quinoa eller liknande i staden for kjøtet. Hugs godt med riven gulrot og sellerirot i lasagnen, det er kjempegodt! Og så kan du dyrke grønsaker i eigen hage eller på balkongen. Eller du kan bli med i Vie andelslandbruk.

Har du eit grønt kvardagstips? Kompostere heime. Det gir fantastisk næring til hagen eller krukkene ved inngangsdøra. Det enklaste for dei fleste er kanskje Bokashi. Sjølv har eg drive med varmkompstering i 25 år og synast det er veldig kjekt og praktisk. Ellers er det mange år sidan eg gjekk over til handlenett. Kjøp dei i plast som kan leggast saman og puttast i ein lomme. Ha dei ved utgangsdøra og putt dei i bilen (eller kassesykkelen) neste gong du går ut, putt ein eller to i sekken, veska, jakken og elles der du kan tenkast å få bruk for det, så har du det for handen.

Valliste for Sunnfjord MDG – Sunnfjord MDG