Sei hei til vår 2.kandidat

For Liv er det viktig å jobbe med konkrete klima- og miljøsaker i Sunnfjord. Ho stiller til val fordi klimakrisa og naturkrisa er vår tids største politiske utfordringar.

10. august 2023

Navn: Liv Løken

Alder: 60

Yrkesbakgrunn: Jordskiftedommar

Kvifor stiller du til valg for MDG? Eg stiller til val for MDG fordi klimakrisa og naturkrisa er vår tids største politiske utfordring. MDG er eit parti som har vakse fram fordi dei tradisjonelle partia ikkje har klart å utvikle politikk for å få ned klimagassutsleppa og verne natur mot nedbygging. Eg vil delta i dei politiske diskusjonane lokalt, og jobbe politisk for å endre kurs til ei klimavennleg og miljøvennleg omstilling av lokalsamfunnet i samsvar med FN’s berekraftsmål. Klimagassutsleppa og nedbygginga av natur skjer i lokalsamfunn her i Sunnfjord kommune og i resten av verda. Gjennom god arealplanlegging kan vi endre dette. Eg er også oppteken av lokalpolitikk generelt. Sunnfjord kommune har godt kulturtilbod, god oppvekstsektor og god eldreomsorg, og eigentleg brei politisk semje om desse politikkområda. Eg vi vere med på å vidareutvikle dette og bygge eit barnevenleg, eldrevenleg og menneskevenleg lokalsamfunn der alle kan få utfalde seg og ha gode liv.

Kva er den/dei viktigaste sakene for deg? Dei viktigaste sakene for meg er å jobbe vidare med konkrete klima- og miljøsaker i Sunnfjord kommune: Den urørte naturen forsvinn år for år. Vi må verne meir av den flotte ville naturen og kartlegge viktige naturområde som vi har i kommunen. Jobbe vidare for å stoppe planane om å dumpe gruveavfall i Førdefjorden, stoppe planar om å bygge ned fjella våre med gondolbane i Jølster og vindmøller på Snøheia. Følgje opp arbeid med klimabudsjett og klimarekneskap i kommunen, fleire sykkelvegar, ikkje berre i Førdepakken men også i resten av kommunen, mobilitetsplan for å få betre og billegare kollektivtilbod. Vi må investere i ny sjukeheim i Førde, skule på Sande og symjehall i Førde, men vi bør også bruke meir pengar på vedlikehald av dei bygningane vi har.

Har du eit grønt kvardagstips? Et “fem om dagen”. For vaksne betyr det å ete 1⁄2 kg frukt/bær og grønsaker kvar dag. Det er ganske mykje, så det er lurt å fordele grønsakene på fleire måltid. Halvparten av dine fem om dagen bør vere grønsaker. Uansett kor mange glas juice du drikk, vil juice alltid telje som ein av «5 om dagen». Dei fire andre må du tygge i deg. Å ete 1⁄2 kg frukt og grønt kvar dag, og mindre kjøt og snop er bra for helsa og for klima og miljø. Det smakar godt og er bra for privatøkonomien også.

Sjå heile lista for kommunevalet 2023 her Valliste for Sunnfjord MDG – Sunnfjord MDG

Her kan du også lese om nokre av dei andre kandidatane på lista til årets val:

Marius er vår 1.kandidat – Sunnfjord MDG 

Bli kjent med vår 3.kandidat – Sunnfjord MDG

Her er vår 4.kandidat – Sunnfjord MDG

Hels på 5.kandidaten – Sunnfjord MDG