Her er vår 4.kandidat

May Elin er 4.kandidat på Sunnfjord MDG si valliste.  Ho er opptatt av å stoppe nedbygging av natur og mangfold, etablere CO2 fangst og lagring, skape kontinuitet for Vestlandsbruket inn i framtida og bidra til gode oppvekstvilkår i trygge nærmiljø.

22. august 2023

Navn: May Elin Eikaas Bjerck

Alder: 64

Yrkesbakgrunn: Sauebonde,  lokalmatprodusent og førsteamanuensis i visuell kunst

Kvifor stiller du til val for mdg?   Eg vil jobbe for at Sunnfjord kommune skal bidra best mogleg til ein klima- og miljøvennlig politikk. Endring kjem nede ifra og dersom alle 23 000 innbyggerne i Sunnfjord Kommune bidreg med å ta ned forbruket sitt, kan vi gjere ein forskjell i klimapolitikken.

Kva er dei viktigaste sakene for deg?  Stoppe nedbygging av natur og mangfold, etablere CO2 fangst og lagring, skape kontinuitet for Vestlandsbruket inn i framtida og bidra til gode oppvekstvilkår i trygge nærmiljø.

Samarbeide mellom små og store bruk er avgjerande for at norsk landbruk skal overleve. 70% av verdas matproduksjon kjem fra små og mellomstore bruk. Personlig er eg oppteken av stedeigna jordbruk, val av besetningar som trivast lokalt, som beiter og nyttiggjer seg av dei store CO2 fangst ressursane,  våtmark og myr.  Eg vil jobbe for et sterkare vern om beite –  og mangfaldsressursane. Løfte årsverksproduksjonen på Vestlandsbruket, legge til rette for dei gode prosjekta, foredling av lokalproduserte råvarer, sakte marknad basert på stedlig terroir,  gjenvinne attraksjonen i bratte bakker.

Kva gjer du utenom jobb?  Å være småbrukar er ein livsstil med vekselbruk. Sauene kjem i førsterekke og eg bytter på produksjonar innan mathandverk, skinn-  og kunstproduksjon.

Korleis var sommaren din? Eg har 100 dyr, av rasen GNS, på fjellbeite i sommar. Det vert nokre turer på fjellet. Og tid til å ‘snu haue’ på støylen. Vi har ein sjeldent frodig sommar i år, gode vekstforhold og fine temperaturar. Det er viktig å kunne lite på at dyra får gå i fred og at bandtvang blir respektert i fjellet. Ferien vart kortreiste opplevelsar med vener, hyttebesøk, kunstopplevelse, countryfestival og lokal gourmetmat på menyen.

Har du eit grønt kvardagstips? Velg sakte kjøt fra lokalmatprodusenter, dette er bærekraftig mat.  Kroppen trenger proteiner og her får du tak i eit sunt ‘grøntprodusert’ kjøtt fra bønder med fokus på god dyrevelferd. Sakte kjøt er bra for miljøet.

Vil du bli betre kjent med fleire på lista vår? 

Marius er vår ordførarkandidat – Sunnfjord MDG

Sei hei til vår 2.kandidat – Sunnfjord MDG

Bli kjent med vår 3.kandidat – Sunnfjord MDG

Hels på 5.kandidaten – Sunnfjord MDG